Nettskjema Spørjeskjema, påmeldingar og bestillingar
Menu

Personvern og vilkår for bruk av Nettskjema


  1. Alle som har ein UiO-brukar og eksterne samarbeidspartnarar som har skrive ein satahandsamingsavtale med Nettskjema eller TSD kan nytte Nettskjema til å samle inn data.

  2. Nettskjema skal ikkje nyttast til langtidslagring av data. Når eit skjema ikkje har motteke svar på seks månader, skal personinformasjon i det slettast. Data som er samla inn, kan ein laste ned og oppbevare på ein eigna stad eller at data sendes direkte til eit prosjekt i TSD.
  3. Persondata skal slettast innan 12 månader etter at dei siste svara er leverte. Om dette ikkje vert gjort vil persondataa i skjemaet automatisk bli tatt vekk. Data som er levert til TSD blir ikkje omfatta av dette.
  4. Skjema som ikkje har mottatt svar på 12 månader vil automatisk bli stengd for mottak av nye svar.
  5. Bruk av Nettskjema krev at du har gjort deg kjend med reglementet for bruk av IT-tenestene ved Universitetet i Oslo.
  6. All handsaming av personopplysingar skal vere i tråd med personopplysingslova (sjå retningslinjer for ansvarleg datainnsamling og skjemabruk på nett). Har du spørsmål om handsaming av personopplysingar, sjå Personvern ved UiO.
  7. Som brukar av Nettskjema har du sjølv ansvar for å setje deg inn i endringar i «Personvern og vilkår for bruk». Ved endring av vilkåra vert det lagt inn ei melding om dette i meldingstenesta for Nettskjema.
  8. I Nettskjema blir følgjande personopplysningar lagra:
    1. Brukarnamn, fullt namn og e-post.
    2. Informasjon om kva rettar ein brukar har og kva endringar som er gjort i skjemaet.
    3. Informasjon om den som svarar på eit skjema
      • Berre data som vert vist i skjemaet blir lagra saman med svaret. I skjema der ein loggar inn eller får tilsendt direktelenke på e-post, kan spørsmål om e-postadressa, namn, brukarnamn blir automatisk utfylte. I tillegg vert tidspunkt for levering lagra, dersom skjemaet ikkje er anonymt.
      • I skjema som er anonyme vert det berre lagra om ein person har svart på eit skjema eller ikkje. Det er ikkje mogeleg å sjå kva svar ein person har levert.

Sjå kommentarutgåve til Personvern og vilkår for bruk av Nettskjema.

 

Avbryt